Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Lærarstreik

Utdanningsforbundet, Skolenes Landsforbund og Norsk lektorlag sentralt har teke ut medlemmar i streik.

Skulane i Kvinnherad er førebels ikkje ramma av streiken.

Det er grunn til å tru at streiken vil bli ytterlegare utvida og det kan også bli lærarar i Kvinnherad som blir tekne ut.

Dersom lærarar ved din skule blir tekne ut i streik vil føresette få nærare informasjon via Visma-appen. Heimesida vil også verta oppdatert.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?