Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Offisiell opning av Rosendal stadion


MicrosoftTeams-image (3).png

Foto: Kvinnherad kommune

I samarbeid med Rosendal turnlag vil Kvinnherad kommune halde offisiell opning av Rosendal stadion laurdag 4. juni kl. 12-12.30. Arrangementet er ope for alle. Samarbeidspartar er inviterte, det blir talar og kulturinnslag.

Denne helga arrangerer Rosendal turnlag samstundes friidrettsstemne, "Rosendalsleikane", med mange deltakarar, noko som legg ei fin ramme rundt opninga. Stemnet tek ein liten pause under den offisielle opningsseremonien.

 

Det er gratis inngong til arrangementa, og det er rådd til å ta med ein klapp- eller strandstol.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?