Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Belte i buss


Kvadrat_TS_kommune_Juni_NynorskBilbelte-buss.jpg

Det er fleire grunnar til at du må bruka beltet i bussen også. Det er påbod om å bruka belte i bussar der det er montert, med unntak av bybussar, og du risikerer å bli bøtelagd dersom du lar vera.

Det er også smart å bruka beltet i bussen for din eigen og andre sin sikkerheit. Bussen er stor og tung og der er store krefter i sving om det skulle skje ei ulukke, og ulukker med buss skjer. Då kan du skada deg sjølv og andre som du risikerer å treffa på i bussen.

Reiser du med barn på buss er det òg viktig at dei er rett sikra i bilstol og setebelte. Reiser du med dei aller minste kan det vera lurt å ta med eige barnesete i tilfelle det ikkje finst i bussen, eller at barnesete allereie er opptatt.

Les meir på: https://www.tryggtrafikk.no/bilbelte-og-sikring/belte-buss/ Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?