Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Rekordrask tildeling til friluftslivet

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune fordelte årets spelemidlar 24. mai.

Kvinnherad kjem godt ut av det i år også – spesielt med spelemidlar til friluftslivsanlegg. Heile fire av søknadane som var nye for årets søknadsrunde fekk tildeling på første forsøk, noko som er sjeldan å oppleve.

Årsaka ligg i den store søknadsmassen Kvinnherad har liggande inne til behandling. For dei ordinære anlegga, kan organisasjonane søkje om inntil ein tredel av totalkostnadane. For 2022 er det i hovudutvalet vedteken slik tildeling:

  • I Herøysund kan dei gle seg over 267 000 til kajakknaust.
  • På Hatlestrand er mykje av økonomien sikra med ein heil million til Hatlestrandløypo.
  • For Kvinnheringane er dagsturhytta ved Nautavatnet tildelt 660 000.
  • Rosendal rideklubb på si side har hatt søknad inne sidan 2018, og får siste rest av søknaden tildelt no, med kr 503 000.
  • Stiprosjektet rundt Hattebergfossen er sikra kr 750 000, som er eit samarbeidsprosjekt mellom mange aktørar.
  • Til glede for mange er det tildelt 168 000 til sanitærbygg i Borvika

For nærmiljøanlegga kan det søkjast om inntil halvparten av totalkostnadane:

  • Nytt lysanlegg til den såkalla «apejungelen» i Rosendal drar ut halvparten av sine estimerte kostnadar med kr 135 000.
  • Halsnøy IL frydar seg over 390 000 til minikunstgrasbane.

Til saman gjev dette ei tildeling på kr 3 873 000 til Kvinnherad i 2022. Søknadsmassen frå Kvinnherad er på over 46 millionar, der Kvinnherad Arena utgjer nesten 30 millionar åleine.

Det er dessverre slik at ei rekkje anlegg framleis står med 0,- kr i tildeling. Dette er anlegg som prioriterast lågare enn nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv. Kvinnherad kommune har likevel ei løysing for dei av søkjarane som finn det ugreitt å gå og vente på spelemidlar. Kommunestyret vedtok i desember 2021 å opprette eit fond for forskotering av spelemidlar. Dei som ønskjer å nytte seg av ordninga, tek kontakt med kulturkontoret på rådhuset for rettleiing.

Vi ønskjer alle søkjarar lukke til i sine utbyggingsprosjekt, og tek gjerne i mot fleire spelemiddelsøknadar både innan idrett, kultur og friluftsliv!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?