Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kan verta streik

Tariffoppgjeret 2022 er eit hovudoppgjer, det betyr at det blir gjort ein revisjon av hovudtariffavtalen (HTA) og gjennomført eit se​​ntralt lønsoppgjer for dei 394.000 tilsette som er omfatta av HTA kapittel 4. KS forhandlar med dei 4 store kommunesamanslutningane i LO, Unio, YS og Akademikarane.

Det vart brot i forhandlingane fredag 29. april. Meklinga hos riksmeklaren starta 2. mai og har frist ved midnatt 23. mai. Dersom det ikkje vert semje mellom partane kan det verta streik, dette vil skje tidlegast frå i morgon, 24. mai. 

Kommunen har motteke namnelister frå alle forbunda som er part i tarifforhandlingane, og det er totalt 35 tilsette som vert tekne ut i streik frå arbeidstidsstart den 24. mai dersom partane ikkje kjem til einigheit. Omsynet til liv og helse, samt tredjepartsinteresser gjev arbeidsgjevar høve til å be om dispensasjonsbehandling når det er behov for å unngå utilsikta konsekvensar av streiken. Meir informasjon kjem.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?