Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Eigedomsskatt

Basert på KS sin rettleiar for taksering av eigedomsskatt, gjorde Kvinnherad ei retting for eigedomsskatt i samband med budsjettbehandling 2022. Dette førte til auke i skatt for naust og garasje med eige gards og bruksnummer.

Det har kome inn 12 klagar og det har vore politisk engasjement om avgjerda var rett. Kommunen fekk difor eit advokatfirma til å sjå på problemstillinga, der konklusjonen er at rettleiaren frå KS på dette punktet er feil og bør tolkast annleis. Utgreiinga kommunen har fått frå advokat i saka, er ikkje testa opp mot KS, men gjer det tydeleg at problemstillinga er større enn for Kvinnherad kommune åleine. Det er heller ikkje rettspraksis på området som klargjer situasjonen.

Kvinnherad kommune ynskjer såleis å gjere ei ny vurdering av dei 800 eigedomane som vart råka av endringa og legge seg på advokaten si vurdering, som er til fordel for innbyggjarane. Eksakt utfall for den enkelte eigedom vil det ta tid å gje opplysningar om. Kommunen tek sikte på å fjerna kravet som gjeld eigedomsskatt på faktura for kommunale avgifter 3. kvartal, og gjera ei avrekning for året på 4. kvartal. Inntil det kjem skriftleg melding om anna, må innbyggjarane derfor betala allereie utsendt faktura ved forfall.

Kommunen vil koma med meir informasjon når arbeidet med gjennomgang er fullført.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?