Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Korleis står det til med folkehelsa i Kvinnherad?

20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Kvinnherad kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.


Trivselsskogen-i-Sandane-Gloppen-SSF-05415- Foto_Morten__Wanvik.JPG

Trivselsskogen i Sandane, Gloppen.(Foto Morten Wanvik)

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I Kvinnherad får 25 % av den vaksne befolkninga invitasjon, om lag 2600 personar. Undersøkinga vil gje Kvinnherad kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i kommunen, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

-Ei god folkehelse er eit godt utgangspunkt for eit godt liv. Vi treng både ei god fysisk helse og ei god mental helse. Etter to år med pandemi er det viktig å få oversikt over korleis innbyggjarane våre har det, seier kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik.

Kommunedirektøren meiner vi treng å leggja til rette for at kvardagstrimmen får godt fotfeste.
-At kvar og ein av oss brukar kroppen i alle daglege aktivitetar og unngår passivitet. Men vi treng òg sosiale møteplassar for å ivareta heile mennesket. Vi vil skapa gode lokalsamfunn og treng alle sine bidrag for å få dette til. Denne undersøkinga vil gje eit godt bidrag for å få på plass gode tiltak, sluttar Bjerkvik.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år.

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå https://vestlandfylke.no/fhus Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kontaktinformasjon: folkehelse@vlfk.no tlf.: 51 20 71 50 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?