Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Som syklist er du definert som køyrande


Kvadrat_TS_kommune_April_NynorskSykkel.jpg

Tre korte tips:

Kjenn trafikkreglane
Som syklist er det viktig å vite at du generelt er definert som «køyrande». Det betyr at du for det meste skal oppføra deg som en bil, inkludert å følgje skilt og å halda fartsgrensa. Her kan du sjå generelle lover og reglar Lenke til et annet nettsted. som gjeld for deg som syklar.

Beskytt hovudet
Dei aller fleste alvorlege skader som rammar syklistar er støyt mot hovudet. Dermed blir bruk av ein god sykkelhjelm det viktigaste du kan gjera for å ta godt vare på deg sjølv i trafikken. Her kan du lesa om kvifor ein god hjelm skal vera på plass Lenke til et annet nettsted. når du syklar. Les også viktige råd om korleis hjelmen skal sitta, og korleis du finn den rette sykkelhjelmen. Lenke til et annet nettsted.

Ver ein klok syklist
Du kjem langt på to hjul om du har eit klokt og bevisst forhold til det å sykla. Her kan du lesa eit utval kloke tips for deg som er glad i sykkelen Lenke til et annet nettsted., og her kan du lesa alt om korleis du bør gå fram for å ha gode sykkelopplevingar om vinteren. Lenke til et annet nettsted.

Elles kan du finna fleire tips og råd angåande sikker bruk av sykkel HER Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?