Ungdomsråd 2022 – 2024

Veke 11 gjennomførte ungdomsskulane og KVV val av nytt ungdomsråd for Kvinnherad kommune.

Kommunen ønskjer å takka det førre ungdomsrådet for ein framifrå jobb dei 2 åra dei var rådsmedlem, og ønskjer dei  lukke til vidare!

Dette var det første ungdomsrådet til kommunen etter at kommunelova la føringar på at kvar kommune skal ha eit ungdomsråd.

Det nye rådet vil bli presentert etter at kommunestyret har godkjent valet av det nye rådet.


Ungdomsrådet.jpg

Ungdomsrådet 2020-2022: Iris Matre, Gunnar Hestad, Nikolai S Vågen, Annie Kloster, Hanna Tvilde, Oskar Kaldestad. (Bilete: Kvinnheringen).

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?