Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Flyktningar frå Ukraina

Det kommunale tenesteapparatet riggar seg for å møta ei forventa auke i tal flyktningar til Kvinnherad etter invasjonen av Ukraina.

Slik kan du hjelpa:
Ynskjer du å tilby husvære og/eller hjelpa med inventar som møblar og kvitevarer - send e-post til: ukraina.flyktning@kvinnherad.kommune.no 

Har du anna du vil og kan bidra med som leiker, personleg utstyr, mat eller frivillig arbeid - send e-post til Frivilligsentralen på frivillig.sentralen@kvinnherad.kommune.no

Dersom du har slektningar og/eller nokon du kjenner som er komne til Kvinnherad, må du melda frå til kommunen slik at vi kan ivareta dei rettane som flyktningane har.  ​

Dette gjer du ved å senda ein e-post til: integrering@kvinnherad.kommune.no der du opplyser:

  • Namnet på flyktningen og fødselsår
  • Telefonnummer og namn til deg som har tatt imot
  • Kor bur de?

Meir informasjon kan du finna HER Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?