Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Utlysing av SMIL-midlar 2022

Søknadsfrist 15. mars

SMIL-midlane (Tilskot til særskilte miljøtiltak i jordbruket) for 2022 vert med dette lyst ut.  I år har vi fått tildelt kr 600.000. Dette er ein auke på kr 100.000 frå i fjor. Vi takkar Statsforvaltaren for det. Formålet med SMIL er å fremja natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusera forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Aktuelle tiltak kan t.d. vera rydding av gammal kulturmark, restaurering av gamle kulturminner og tiltak som reduserar utslepp til luft og vatn. Søknadsfrist 15 mars. Søknad skal sendast inn via Altinn Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Meir informasjon kan du finna hos Landbruksdirektoratet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Har du spørsmål ta kontakt med landbrukskontoret
smil 22.png

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?