Ferieaktivitetar
Kvinnherad kommune skapar aktivitetar for born og unge i vinterferien.
Barn og familie ved ungdomsbase nord og sør, Frivilligsentralen og naturvegleiar ved besøkssenter Folgefonna nasjonalpark slår seg saman om eit flott program for born og unge i vinterferien.
Det er eit stort og innhaldsrikt program - og best av alt: det er gratis for born og unge. Her finn du aktivitetar i drøssevis og me kan nemna mellom anna: Workshop i cosplay, opplæring i handbak ved Hardanger handbakklubb, turneringar i mellom anna bordtennis, fifa og biljard. Vidare vil det vera skiaktivitet, natursti og fuglematverkstad. Gratis kino, ope i leikeland,der Husnes leikeland spanderer gratis inngong og på menyen står det mykje, mykje meir.
Me har fått badevaktar til bassenga i Rosendal, Hatlestrand og på Husnes vil det også vera ope nokre dagar i vinterferien.
Arve Rødland, Anja Thunold, Sara N Langhelle og Veronica T Thorsen står bak planlegginga, og dei er alle svært nøgde med programmet. Me vonar me saman kan gjera vinterferien enno litt kjekkare for born og unge i kommunen vår. Me oppmodar alle om å gå inn på kvinnherad.friskus.com Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. der det vil stå detaljert informasjon om alle tilboda og mulighetar for å melda seg på dei ulike aktivitetane.
.png)
Sist oppdatert