Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Tilbod om koronavaksinering av barn/unge mellom 5-15 år i Kvinnherad

Timebestilling for vaksinering gjer ein via helsestasjonen. Telefonnummer er 53 46 16 20.
Vaksineringa vert gjennomført på Husnes helsestasjon, 2. etasje Aksen. Desse datoane er førebels sett opp:

02.02.22 kl. 15.30 og 16.00
16.02.22 kl.15.30 og 16.00
09.03.22 kl. 15.30 og 16.00

Minner om at begge føresette må signera og ta med samtykkeskjema Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. før vaksinasjon, og ta med ferdigutfylt Eigenerklæringsskjema Pdf, 873 kB, åpnes i nytt vindu. på vaksinasjonsdagen og at éin føresett følgjer barnet/ungdomen til vaksinasjon. Obs: kun éin føresett kan følgja barnet grunna plassomsyn.

Sjå elles anbefalingar frå FHI om vaksinasjon til barn og unge: www.fhi.no/vaksinasjon-av-barn-og-unge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?