Frå gult til grønt nivå

Denne informasjonen går i dag ut til alle skular og barnehagar i kommunen:

Orientering til føresette
Barnehagar og skular går til grønt nivå onsdag 26.01.22

 

Kvinnherad kommune som smittevernmynde har etter covid-19-forskriften §14 b, vedteke at alle barnehagar og skular går til grønt nivå frå onsdag 26.01.22.

Dette vart gjort med bakgrunn i vurdering av barns beste og barn og unge sin trong for å vera saman med vener. Informasjon frå FHI dette-veit-vi-om-smitte-i-barnehagar-og-skular Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. var grunnlag for vurderingane.

Grønt nivå er det «lågaste» smittevern-nivået, og det vert opna opp for at kvardagen til barn og unge kan bli meir normal, utan kohortar og slike avgrensingar. På grønt nivå gjeld framleis generelt smittevern;

  1. Halda seg heime når ein er sjuk.
  2. Handvask og hostehygiene
  3. Unngå fysisk kontakt

Under ligg lenkje til Utdanningsdirektoratet sine sider der føresette i barnehage og skule kan finna meir informasjon og svar på spørsmål rundt smittevern, karantene, testing mm. (Oppdatert i dag 24.01.22)

Vegleiarar om smittevern i barnehagar og skular (udir.no) Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay