Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Grøn Næringspark Kvinnherad: Presisering om medverknadsmøter

Informasjonsmøte om Grøn Næringspark Kvinnherad vert som tidlegare annonsert halde digitalt 19.01.22, sjølv om det er kome nye reglar frå regjeringa. 

Avgjersla er teke av ordførar, KNS og kommunedirektør i samråd med kommunelegen, som anbefaler å halde møtet digitalt, mellom anna fordi vi er i ein stigande smittetrend. 
Samstundes er både Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice opptekne av få til gode, fysiske medverknadsmøter om Grøn Næringspark Kvinnherad så snart det er mogleg, og det vil bli prioritert å få arrangert slike møter framover. Vi vil takke innbyggjarane og næringslivet for eit sterkt engasjement i saka, og ynskjer å få til ein fullverdig, fysisk arena for meiningsutveksling så snart som råd er.

Informasjon og lenkje til det digitale møtet finn de i eiga nyhendesak Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på heimesidene til Kvinnherad kommune.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?