Ekstremværet Gyda

Kvinnherad kommune oppmodar alle innbyggjarar om å vera forsiktige når de ferdast ute når det er så mykje nedbør som no. Ver særskilt merksam i område der ein har erfaring med at det kan koma jord-/steinskred eller fare for steinsprang.

Meld frå om ein oppdagar at det har gått ras, ikkje rydd sjølve då det må sjekkast om det eventuelt er meir som kan rasa ned.

Oppmodar samstundes om å melda frå om bekkar og elver flaumar over, eller om bekkeinntak, sandfangkummar og liknande er på veg til å fyllast.

Vakttelefon for Vatn og avløp: 90 36 11 11  

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay