Beste avkastning i Kraftfondet sidan 1997

Kraftfondet steig i løpet av 2021 med 160,1 millionar kroner, som utgjer 20,5 %. Dette er den beste avkastninga sidan Kraftfondet vart stifta i 1997.

Best avkastning leverte fondet sine Private Equity investeringar som hadde ein verdistiging i løpet av 2021 på 41,5 %. Aksjefond utgjer størst del av Kraftfondet, desse leverte ein samla avkastning på 17,8 %, medan Kraftfondet sine eigedomsinvesteringar leverte ein avkastning på 11,3 %.

Avkastninga vart i revidert budsjett estimert til 70 millionar kroner. Disponering av resultatet for Kraftfondet skal, saman med årsrekneskapen for 2021, handsamast i kommunestyret i løpet av våren 2022.

Les meir her Lenke til et annet nettsted..

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay