Sjå bilete av den flett nye brannstasjonen!
I dag flytta endeleg dei tilsette på brann og redning over frå brakkene og inn i den nye flotte hovudbrannstasjonen på Husnes.

Atle Josdal (f.v), Thomas Hallquist og Ruben Medhus hadde all grunn til å smila breitt i dag.

Prosjektleiar Stian Ersland og brannsjef Atle Josdal utanfor det ferdige bygget.

Stasjonen har fått flotte nye garderobar.

Leiar for beredskap, Ruben Medhus, var midt i flyttinga, men tok seg tid til å stå i ro for fotografen. Her i den nye vognhallen.

Stasjonen har også fått ein etterlengta eigen separat vaskehall.

Dei tilsette har òg fått seg badstu som er særs bra for å få sveitta ut farlege partiklar.

Frå undervisningsrommet i 2. etasje ser ein ned i vognhallen. I 2. etasje finn ein også kontor, trimrom og kjøken.

Etter teknisk gjennomgang av bygget vart overtakinga formelt signert av prosjektleiar Stian Ersland frå kommunen (f.v.) og entreprenør Engelsen Bygg ved Terje Klippen.
Sist oppdatert