Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Status på smitteutbrot i Kvinnherad

Kvinnherad er no oppe i totalt 36 smitta sidan fredag, der dei fleste tilfella er knytt til utbrotet på Malmanger skule. Ein har oversikt over dei aller fleste, og såleis kontroll på utbrotet. Beredskapsgruppa har daglege møter.

Dei som deltok i minnesamling på Snikkeriet torsdag 11.11. ber vi om å vera ekstra varsame for symptom.
Vi oppmodar om å utsetja arrangement der mange treffast på kryss og tvers av bygdene, og særskilt i Rosendalsområdet.

Nærkontaktar testar seg dag 1 og dag 5.
Får ein ikkje testa seg skal ein halda seg heime.
Ein lyt halda aktiv eigenobservasjon i 10 døgn og halda seg heime sjølv ved milde symptom.
Er du husstandsmedlem eller tilsvarande nær vil du få beskjed av kommunen kva som gjeld for deg. Det er også ulik praksis for vaksinerte og ikkje vaksinerte.
Her finn de detaljert informasjon frå FHI om kva som definerast som nærkontakt, praksis for testing, råd, med meir: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/narkontakter-og-isolering/?term=&h=1 Lenke til et annet nettsted.

Hald barn heime om dei har nyoppståtte eller endra symptom. Ved restsymptom kan dei gå i barnehage, skule, SFO. Hald barnet heime til det er feberfritt og har god allmenntilstand.

Vi minner også om at ein ikkje må ta meir hurtigtestar enn naudsynt – vi håpar på ny forsyning til helga.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?