Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Frivilligprisen 2021

Kjenner du nokon som fortenar heider for innsatsen sin?

Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person, ei lokal foreining eller ei gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, samt medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn i Kvinnherad.

Kjenner du nokre "eldsjeler" som fortenar ei slik påskjønning? Då kan du senda forslaget ditt med grunngjeving til:

Frivilligsentralen@kvinnherad.kommune.no eller Kvinnherad Frivilligsentral, Postboks 55, 5480 HUSNES innan 06 november 2021

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?