Gurine på tokt!
I samband med TV-aksjonen 2021 Barn, ikkje brud, vart det jentetokt med Gurine i dag.


Ordførar Hilde Enstad tok imot jentene når dei kom til kaien med buss, NRK filma og lokalpressa var òg til stades, samt med ut på sjølve seglturen - alle som ein.

Jentene fekk litt innføring før dei kasta loss. Tross litt surare vêr enn håpa såg humøret ut til å vera på topp hjå alle involverte.

Elevar frå Rosendal ungdomsskule møtte opp og fekk seg vaflar på Folgefonnsenteret før dei vinka Gurine av garde.

Sist oppdatert