Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kvinnherad i front på klimamøte i Storbritannia sin ambassade

Kvinnherad kommune presenterte sitt ferske klimamål i paneldebatt på seminaret "Kommunar midt i klimakampen" i regi av kampanjen «Race to Zero» og den britiske ambassade.

Ordførarar frå 23 norske kommunar har signert den internasjonale, FN-støtta klimakampanjen Race to Zero. Målet er å legge press på at regjeringar som deltek der, må styrke sine bidrag til Parisavtalen under klimatoppmøtet i Glasgow. Torsdag 14. oktober møttes desse kommunane på den britiske ambassaden, der tema var: «Kva betyr lokalt klimaarbeid i en global samanheng, og korleis kan kommunane strekke seg lenger?»

Fokuset var altså på det viktige, lokale arbeidet som vert gjort i norske kommunar for å få ned klimagassutsleppa. Døma var mange, Longyearbyen presenterte sine tverrpolitisk forankra mål, der dei går frå å vere utelukkande kolbasert, til å bli Noregs første nullutsleppssamfunn. Osloregionen viste korleis klimabudsjettet som dei var først ute med i verda, no er i ferd med bli teke i bruk i megabyar i resten av verda, som Mumbai i India. Ordførar Hans Inge Myrvold frå Kvinnherad presenterte kommunen sitt nye klimamål, å bli ein netto nullutsleppskommune innan 2040. Han viste til korleis ferjene i kommunen allereie er elektrifisert, og trakk fram vasskrafta vår som skal bygge opp ny, grøn industri i regionsenteret. Han viste også til at Hydro Husnes produserer verdas grønaste aluminium, og at CO₂-fangst samstundes er avgjerande for at vi når klimamålet vårt. Etter møtet hasta ordføraren vidare til Stortinget til ein ny kvardag som stortingsrepresentant.

Lenkje til opptak av seminar på ambassaden:

https://www.facebook.com/watch/live/?ref=watch_permalink&v=3085557005050233 Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?