Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

10. klasse på Hatlestrand fekk videohelsing frå statsministeren!

10. klasse på Hatlestrand skule arbeider med eit tverrfagleg prosjekt, Leger utan grenser, Glemte kriser. I det høve kontakta dei statsminister Erna Solberg og informerte ho om prosjektet. Ho svarte elevane med ikkje noko mindre enn ei videohelsing:


Noko av det elevane har gjort og skal gjere er:

  • Dei har starta ein innsamlingsaksjon
  • Informert bygdefolket med sjølvlaga brosjyrar der dei har laga QR-kodar til kvar krise, slik at når ein held mobilkameraet over koden opnar det seg ei Leger utan grenser-nettside om den aktuelle krisa.
  • Lagt ut info på facebook-sidene til bygdelaga.
  • Sendt e-post til statsministeren og fortalt om kva dei arbeider med i prosjektet.
  • Laga 1. episode av ei rekke videoar om prosjektet som vert lagt ut på Youtube etter kvart.
    Første episode: https://youtu.be/ao5hTS75-Jc Lenke til et annet nettsted.
    Andre episode: https://www.youtube.com/watch?v=cmayG4Cb3Zw Lenke til et annet nettsted.
  • Fredag 8. oktober arrangerer dei Hatlestrandsløpet. Lokalavisene er inviterte til å dekke løpet. Det vert opna av ordføraren og bygdefolk er inviterte til å gå eller springe den. 10. klassingane står då i løypa med store informasjonsplakatar om kvar enkelt krise.
  • Alle elevane frå 1.-10. kl skal gjennom løypa og dei er «blitt solgt» til lokale bedrifter som støttar dei pr. km.
  • Laurdag 20. november arrangerer dei Halldag og har fått Strand-Ulv med på laget. Då vert det mange idrettsaktivitetar for born og vaksne, danseoppvisning av ei lokal dansegruppe og konsert.

-Fantastisk lærerikt og spennande for elevane, fortel rektor Lilli Britt Urheim nøgd.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?