Vaksinasjon til innbyggjarar frå fylte 12 år

Kvinnherad kommune tilbyr vidare framover koronavaksine for årskulla 2006, 2007 og 2008, samt personar frå årskull 2009 som har fylt 12 år, etter tilråding frå Folkehelseinstituttet: https://www.fhi.no/nyheter/2021/12-15-aringer-tilbys-koronavaksinasjon Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. / All vaksinasjon er frivillig:
Vaksinering vert gjennomført på vaksinestadane Husnes og Rosendal, på ettermiddagstid. Skjer nokre torsdagar framover. Ein føresett må følgja barnet til vaksinasjon (ein av dei som har signert samtykkeskjema). Ferdig utfylt samtykkeskjema skal takast med (dersom ikkje levert tidlegare), samt identifikasjon for den som følgjer.
Bestilling av time og eventuelle spørsmål:
- Send e-post til covid19@kvinnherad.kommune.no.
- Merk emnefeltet «Vaksinasjon frå fylte 12 år» og legg ved mobilnummer.
- Ha klart barnet sitt personnummer til du vert oppringt.
Rosendal, 20.09.21
Glenn Opland, Kommuneoverlege
Sist oppdatert