Vi gratulerer!

På vegner av Kvinnherad kommune vil ein i dag rette dei største gratulasjonar til den ferske europameisteren og gullmedaljevinnar i 3D-bogeskyting, Terje Bakke frå Kvinnherad. Meisterskapet fann stad i Maribor i Slovenia.
Det er imponerande å være vitne til den idrettsprestasjonen dette er, og det unike miljøet Kvinnherad bogeskyttarklubb har etablert i vår kommune. For kort tid sidan vart norgesmeisterskapet i same idrettsgrein gjennomført i Tveitadalen.
Til lukke med tittelen europameister Terje, og til heile klubbfamilien i Kvinnherad bogeskyttarklubb!
Hans Inge Myrvold
Ordførar
Foto: Atle Helland
Sist oppdatert