Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Re-godkjent som trafikksikker kommune

Trygg Trafikk var i dag til stades på rådhuset for å markera at Kvinnherad no er re-godkjent som trafikksikker kommune.

I 2018 blei Kvinnherad kommune godkjent som trafikksikker kommune. Godkjenninga var gjeldande for dei neste fire åra, og difor har sektorane arbeida med regodkjenning gjennom vinteren og våren 2021.

Knut Olav Nestås, Anders Havdal  og Audun Heggestad  møtte frå Trygg Trafikk og gjekk gjennom erfaringar og status saman med frammøtte frå dei ulike sektorane. Havdal trekte Kvinnherad sin kommunedelplan for trafikktrygging som ein av dei betre.
Frå kommunen møtte ordførar, kommunedirektør og leiargruppa, styrar i Myrane barnehage, kommuneoverlege, hovudverneombod og folkehelsekoordinator og kontakperson for trafikksikkerkommune, Kristian Helgesen.


Trygg trafikk-gjengen.jpg

Anders Havdal (f.v.), Knut Olav Nestås og Audun Heggestad møtte frå Trygg Trafikk.


Skiltutdeling.jpg

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, ordførar Hans Inge Myrvold, sektorleiar for Oppvekst Anne Sofie Bjelland Kjeka fekk utdelt nye skilt frå Knut Olav Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?