Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

NAMNEKONKURRANSE

Dagsturhytta ved Nautavatnet er snart ferdigstilt, og no treng vi kreative innspel til kva den skal heite.

Har du eit godt forslag? Då kan du sende namneforslaget til post@kvinnherad.kommune.no

Frist for innsending er 21.september 2021.

Juryen består av ordførar Hans Inge Myrvold, Silje Nordtveit Olsen (Levekårsutvalet), Hermund Fenne (Kvinnherad Turlag)

Vinnaren vert premiert med turutstyr til ein verdi av 500 kr!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?