Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Velkommen til nytt skule- og barnehageår!

Me ønsker alle elevar velkommen til eit nytt skuleår!

Måndag 16. august 2021 ønsker me alle nye og gamle elevar i Kvinnherad kommune velkommen til eit nytt skuleår!

Me ønsker særskilt velkommen til alle som skal byrja i 1. trinn, til ein skulekvardag med læring, leik og utvikling i eit inkluderande og godt skulemiljø!

Me ønsker også alle nye elevar på 8. trinn særskilt velkommen til ein ny og spanande kvardag på ungdomsskulane våre.

I år kan me gleda oss over at skulane kan starte opp på grønt nivå når det gjeld tiltak for smittevern!

Rettleiar om smittevern 1. til 7. trinn Lenke til et annet nettsted.

Rettleiar om smittevern for ungdomsskulane Lenke til et annet nettsted.

Skuleruta 2021-2022 Lenke til et annet nettsted.



velkomen.png

 



Velkommen til nytt barnehageår!

Kvinnherad kommune ønsker alle barn og føresette velkommen til eit nytt barnehageår tysdag 17. august 2021.

Me ønsker særskilt velkommen til alle nye barn som skal byrja i barnehagane våre, og ønsker barn og føresette ein trygg og god start for barna!

I år kan me gleda oss over at barnehagane kan starte opp på grønt nivå når det gjeld tiltak for smittevern!

Rettleiar om smittevern - barnehagar Lenke til et annet nettsted.

Skuleruta/barnehageruta  2021-2022 Lenke til et annet nettsted.

 


velkomen bhg.png

 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?