Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Koronatesting

Nytt grunna sommarbemanning:
Dersom du treng test før feriereise, jobbreise eller deltaking på arrangement så tek du kontakt med ein privat aktør. Treng du koronatest grunna andre årsaker ta kontakt med helsesenter på Husnes eller i Rosendal.

Desse finn du på flyplassar i hamner og på grenseovergangar eller i dei større byane. 
Kvinnherad kommune tilbyr ikkje desse testane gjeldande frå måndag 28.06.21.

Du skal testa deg for korona dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, hovudverk eller sjukdomskjensle). 
Dette gjeld òg dersom du har fått ein eller to dosar med vaksine. Barn under 12 år med lette symptom, kan sjå an eit par dagar før eventuell testing.  

Spørsmål om testing rettast til koronatelefonen i Kvinnherad:
Tlf.nr: 908 60 166 
Telefonen er open måndag til fredag kl.08.00 - 10.00 og kl.13.00 - 14:30 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?