Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Dyktige vaksinedamer

Frivillige, sjukepleiarar, merkantile og andre brukar ferien sin for å få vaksinekabalen til å gå opp. 

Desse trygge og blide damene møter deg på samfunnshuset i Rosendal når du kjem for å ta koronavaksine. Ingeleiv Klette og Kjersti Hus (gule vestar) er to av seks stykk frå Rosendal helselag som rullerer på å hjelpa til på vaksinedagane. Med så mange smilande andlet og hjelpande hender er det beint fram kjekt å koma for eit sprøytestikk. Vi ynskjer å takka dette framifrå apparatet som hjelper oss eit steg vidare for ein pandemifri kvardag!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?