Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Newton-rommet er opna

I dag var det storslått opning av det nye Newton-rommet på Hydro Husnes, som det første i Sunnhordland. Eivind Torvik ønska velkomen før ordføraren utførte eit høgtideleg snorklipp, og med det var det rett i gong med undervisningsopplegg for 5. klasse ved Undarheim skule, leia av dei nye Newton-lærarane, Helena Synnøve Espevik og Matthias Zimmermann.


newton2.jpg
newton3.jpg

Kva er eit Newton-rom?
Newton-konseptet er skapt og eigd av den ideelle stiftinga FIRST Scandinavia. Målet er å gje flest mogleg barn og unge gode oppleving av læring og meistring i naturfag, matematikk og teknologi. Undervisninga er variert og har fokus på praktiske aktivitetar. Gode læringsoppevingar vil vera med på å forma framtida og utvikla lokalsamfunnet. Sidan 2003 har konseptet utvikla seg til å omfatta eit stort nettverk av Newton-rom, Newton-lærarar og ressursar. Dette for at barn og unge, i skule og barnehage, skal få best og størst mogleg læringsutbyte i tråd med læreplanar.

Her kan du lesa meir om konseptet: https://newton.no/ Lenke til et annet nettsted.


IMG_3115.jpg
newton4.jpg

 


newton1.jpg

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?