250.000 kr til tiltak for eldre

Frivilligsentralen har fått tilskot på heile 250.000 kr til tiltaket Eldre ut på middag.
I løpet av ei veke, over sommaren, vil eldre i Kvinnherad få tilbod om å bli med ut på middag.
- Me kjem til å samarbeida med frivillige, transportnæringa og restaurantnæringa for å få gjennomført tiltaket, seier leiar for Frivilligsentralen, Veronica T. Thorsen.

Tilskotet har dei søkt om hjå Statsforvaltaren i Vestland, som har oppretta tiltaket med formål om å motverka fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon, og å leggja til rette for at eldre igjen kan vera ein del av eit sosialt fellesskap etter at vaksinasjonen er gjennomført. Målgruppa er eldre over 65 år.

Her kan du lesa meir om tiltaket: https://www.statsforvalteren.no/nb/portal/Nyheter/2021/04/tilskuddsmidler-som-skal-fa-eldre-ut-pa-middag/ Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay