Vedtak om totalforbod mot open eld


Brannsjefen i Kvinnherad innfører totalforbod mot å gjere opp open eld i kommunen med umiddelbar verknad og inntil vidare. Årsaka er faren for gras- og lyngbrann, samstundes som det er redusert kapasitet med tanke på eksterne ressursar (t.d. skogbrannhelikopter) grunna pågåande aksjon i regionen.

Vedtaket er heimla i forskrift om brannførebygging § 3.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?