Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Frå gult til grønt nivå i barnehagar og skular

Beredskapsgruppa i Kvinnherad vedtok fredag 28.05.21, at barnehagar og skular i kommunen kan gå tilgrønt nivå måndag 31.05.21. Dette er med bakgrunn i det låge smittetrykket og at ein ynskjer at alle barn, elevar og tilsette skal få ei positiv avslutning på barnehage- og skuleåret.

Regjeringa har opna opp for at kommunane sjølve skal bestemma om barnehagar og skular skal vera på gult eller grønt nivå i smittevern i den såkalla «trafikklysmodellen» . Føresetnaden er at kommunen har lite smitte, god testkapasitet og ein plan for raskt å kunna endra på nivået.

Grønt nivå er det lågaste smittevern-nivået, og det vert opna opp for at kvardagen til barn og unge kan bli meir normal, utan kohortar og slike avgrensingar. På grønt nivå gjeld framleis generelt smittevern;

  1. Halda seg heime når ein er sjuk.
  2. Handvask og hostehygiene
  3. Unngå fysisk kontakt
  4. Tilsette må halda avstand til andre tilsette

Her kan de lesa regjeringa sin plan for gradvis opning av samfunnet:

https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/plan-for-gradvis-gjenapning/id2842645/ Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?