Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Oppdatering koronavaksine 18.05.21

Denne veka skal det setjast 540 vaksinedosar i aldersgruppa 65-74 år. Alle som er i denne aldersgruppa og som vi ikkje har fått tak i, får eit brev i posten der vi ber om at dei tek kontakt.

I våre lister har vi ikkje kunna henta fram dei som fyller 65 år fram til no i mai. Vi ber om at dei dette gjeld sender ein e-post med namn og fødselsdato og telefonnummer til: randi.bjornsen.vevik@kvinnherad.kommune.no så tek vi kontakt.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?