Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Startpakken

Me har no revidert Startpakken for Sunnhordland, og denne ligg no  på heimesida vår her:

https://www.kvinnherad.kommune.no/startpakke.464951.nn.html Lenke til et annet nettsted.

Startpakken skal vera til hjelp for dei som ønskjer å fremja reguleringsplan etter plan- og bygningslova kap. 12. Pakken er eit supplement til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland sitt rettleiingsmateriell.

 

Grunnen til me no har revidert startpakken, er at rutinar knytt til oppstart av reguleringsarbeid er oppdatert som følgje av endring i plan- og bygningslova (pbl) med verknad frå 01.01.2020.

Forskrift om handsaming av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningslova (FOR-2017-12-08-1950) vart også vedteken med verknad frå 01.01.2018.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 skal det før oppstart av arbeid med private forslag til reguleringsplaner haldast eit formelt oppstartsmøte.

Seinast samtidig med tinging av oppstartsmøte, skal forslagsstiller sende eit planinitiativ til kommunen. Dette med planinitiativ er nytt.

 

Startpakken gjeld for kommunane: Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes

Gjer merksam på at kvar einskild kommune har lagt inn lokal informasjon i si utgåve av Startpakka. Den versjonen av Startpakka som er å finna på den enkelte kommune si nettside, må difor nyttast.

 

Dei som har vore med i gruppa «revidering startpakken for Sunnhordland» er:

Stord kommune: Linn Kari Langhelle og Irinja Almås

Sveio kommune: Ilona Nowak

Bømlo kommune: Linda Djuvik

Kvinnherad kommune: Anne-Lise Næs

 

God lesing 😊

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?