Bringedalsbygda barnehage med i utviklingsprosjekt


Bringedalsbygda.jpg

Bringedalsbygda barnehage er med i eit utviklingsprosjekt der dei forskar på IKT i barnehagen.

Barnehagen nyttar blant anna IKT for å styrka språkutviklinga til barna, men barna lærer også programmering, spel og andre digitale verktøy.

- IKT er ein viktig innfallsport til å styrka særleg gutar på språksida. Det handlar om å møta barna der dei er, seier styrar Solveig Vik.

Vidare seier Solveig:  Når barna jobbar med digitale verktøy, så kan det vera spel der barna lærer tal, fargar og omgrep på nettbrett. Eller det kan vera at dei får hjelp til å programmera ei mus til å gå rundt om kring på gulvet etter kva farge det er der.

Dette er heilt i tråd med rammeplanen til barnehagane, som seier at den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?