Regjeringa letter på dei nasjonale tiltaka
Regjeringa varsla 13. april at dei nasjonale tiltaka vert letta. Her finn du oversikt over kva tiltak som gjeld.

Etter råd frå Helsedirektoratet og FHI gjennomfører regjeringa det fyrste trinnet i gjenopningplanen frå midnatt natt til 16. april. I tillegg vert det gjort nokre lettingar for arrangement for born og unge, og innan toppidretten.
Dette er dei nasjonale tiltaka som gjeld frå og med 16. april:
Tilrådingar som gjeld heile landet
- Hald ein meters avstand. Hald hendene reine. Hald deg heime dersom du er sjuk.
Sosial kontakt
- Alle bør avgrensa sosial kontakt.
- Det vert oppfordra til å møta andre utandørs, og til å ikkje ha fleire enn fem gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vera fleire, men ein må kunna halda avstand.
- Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå same kohort. Barn og unge kan i tillegg ha besøk av eller gå på besøk til ein eller to faste venar.
Reiser
- Reiser til utlandet vert frårådd. Strengt naudsynte reiser kan gjennomførast.
- Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er særleg viktig til og frå område med høgt smittepress.
- Ein kan reisa på hytta (eigd eller leigd) eller på hotell innanlands, men unngå kollektivtransport dersom det er mogleg.
- Reiser til arbeids- og studiestad kan reknast som ei naudsynt reise.
- Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak enn der dei bur, bør følgja tilrådingane som gjeld der dei bur til vanleg.
Skular og barnehage
- Barnehagane og skulane er på gult nivå i tråd med trafikklysmodellen, med mindre lokale tilhøve tilseier noko anna.
Arbeidsliv
- Heimekontor for alle som har moglegheit til det.
Idretts- og fritidsaktivitetar
- Barn og unge under 20 år kan trena og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei vert unnateke tilrådinga om ein meters avstand når dette er naudsynt for å driva med aktiviteteten.
- Dersom barn og unge trener/øver med eit lag, forening eller liknande i ein annan kommune vil dei kunna konkurrera med dette laget / denne foreninga så lenge smittesituasjonen tillet det.
- Barn og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje innebær nærkontakt (t.d. ski) kan delta i utandørs idrettsarrangement som samlar deltakarar frå same idrettskrins eller region, der region vert nytta som geografisk inndeling.
- Vaksne kan driva organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halda minst ein meters avstand.
- Utandørs kan vaksne driva organisert aktivitet, så lenge dei kan halda minst ein meters avstand.
- Toppdrettsutøvarar kan trena som normalt, både utandørs og innandørs.
Høgare utdanning
- Det er mogleg å vera på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større førelesingar og samankomstar bør unngås, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast.
Reglar for heile landet
Private sammenkomster og arrangement:
- Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar vert tilrådd utsett eller avlyst.
- Reglane for arrangement er som følgjer:
- Maks ti personar på private samankomster utanom eigen heim, til dømes bursdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Born i same kohort i barnehage eller barneskula kan møtast med eit naudsynt tal på vaksne som tilretteleggarar.
- Maks ti personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune.
- Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.
- Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar på 200 personar), dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.
- Arrangøren skal iverksetja tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Om det er naudsynt, skal det nyttast vakthald for å sikra dette.
- Same høve til å skjenka alkohol på arrangement som på serveringsstader..
Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve
- Kun tillatt med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00..
- Det skal registrerast kontaktopplysningar til gjestar som samtykker til dette.
Sist oppdatert