Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kvikkleire på Tofte: Nye rapportar om stabilitet og aktuelle tiltak

Kvinnherad kommune har no fått rapportar frå geoteknikar om situasjonen på Tofte, Halsnøy. Det vert konkludert med at skråninga i hovudsak er stabil så lenge det ikkje vert gjort større terrenginngrep. Det er likevel viktig å førebygge og utbetre erosjon langs vassvegane og kontrollere tilstanden på vassrøyr, kulvertar og liknande. Vidare bør situasjonen overvakast ei tid frametter.

Gjennom andre halvår 2020 meldte grunneigarar uro over søkkehol og andre observasjonar i kvikkleireområdet på Tofte. Kommunegeologen meldte i januar 2021 dette vidare til NVE, og NVE rådde kommunen til å hyre fagkunnig bistand for å vurdere aktuell fare i området.

I slutten av januar tok Norconsult oppdraget, og dei har no levert rapport frå arbeidet og nokre dokument i tillegg, mellom anna råd for vidare arbeid. Rapporten vert sendt NVE for vurdering. Dokumenta kan lastast ned frå lenkene under.

Kvinnherad kommune vil på kort sikt følgje opp rapportane frå Norconsult slik:

  • Gjennomføre eit overvakingsprogram for søkkehol og sprekkar i terrenget
  • Vurdere tilstanden på overvass-system, drenssystem og vassleidningar
  • Førebu utbetring av vassiget i ravina i vestre del av området

Allereie denne veka har oppmålingsingeniørar frå Avdeling byggesak og geodata byrja målingar av søkkehola i området. Dette vil i første omgang skje to gonger per veke i ein månad, før resultata vert analysert og ein vurderer vidare steg.

Sektor teknikk og miljø vil setje i gang arbeid for å vurdere tilstanden til overvassrøyr, mogleg dreneringssvikt og andre delar av vasshandteringa i området. Kommunen vil ta tak i problemet med overvatn på Nedre Sæbø, og i samarbeid med Vestland fylkeskommune og grunneigar få på plass ei god handtering av dette.

Kontaktperson for denne meldinga: Anbjørn Høivik, sektorleiar samfunnsutvikling

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?