Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Påske - camping og båthamner

Kvinnherad kommune har fått førespurnadar angåande drift av campingplassar og båthamner.

NHO Reiseliv har ein oppdatert vegleiar for smittevern ved campingplassar:
210121-nho-reiseliv-bransjenorm-for-handtering-av-smitteverntiltak-ved-campingplasser.pdf Lenke til et annet nettsted.

Etter eit møte med beredskapsgruppa, med utgangspunkt i dei nye tiltaka som vart lagt fram denne veka, ynskjer kommunen å opplysa om:

  • Det er utleigar (campingplass/båthamn) som har ansvar for at godt smittevern er ivareteke, og kan såleis pådra seg konsekvensar/bøter om ikkje smittevernet blant sine gjester vert følgt opp på ein tilfredsstillande måte
  • Det er i motsetnad til i fjor no oppmoda om å halde sanitæranlegga ope (med smitteverntiltak etter det som står i bransjenorm). Dette er for å unngå at gjester bruker alternative løysingar som ein ikkje har kontroll over.
    • Samstundes er det opp til den enkelte utleigar å vurdere om ein skal halde ope eller stengt.
  • Det er oppmoda om å utarbeide ei risikovurdering for eiga drift
  • Verksemdene må sjølve vurdere om dei vil ha ope og ta imot gjester eller stenge drifta i denne perioden
  • Anbefalinga er no at ein skal ha maks 2 gjester på besøk i hus, hytte og hage. Her tolkar ein at dette og gjeld for campingvogn/bubil. Ved at hage er spesifisert vil dette innebere at ein ikkje kan ha meir enn 2 gjestar utanfor si eiga vogn/bubil/båt. Dette er no 2 personar, og ikkje 2 kohortar.
  • Det er ei anbefaling om å halde 2 m avstand, og bruke munnbind der dette ikkje er mogleg.

For meir informasjon (samt ein plakat som kan skrivast ut): https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak/id2826828/ Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?