Endring av kommunikasjonsløysing for Kvinnheradskulen

Informasjon til føresette om ny kommunikasjons-app frå 15. mars.


VFS App pa telefon -800x800.jpg

 

Føresette lastar ned Min Skole – foresatt på telefonen og kommuniserer med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har òg ein funksjon der føresette sjølv legg inn melding om fråvær.

 

 


Kommunikasjon mellom føresette og skulane Kvinnherad har tidlegare føregått i ei SMS-løysing, med eige nummer til lærar/skuleleiar.

Ny kommunikasjons-app - frå 15.mars - den ser slik ut: 

 

Føresette lastar ned Min Skole – foresatt på telefonen og kommuniserer med tilsette i skulen gjennom denne. Appen har òg ein funksjon der føresette sjølv legg inn melding om fråvær.

Med appen aktivert kan føresette

  • Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til

  • Motta melding frå tilsett/skulen, inkl. varslingar t.d. på SFO og Digitale skjema

  • Melde og redigera fråvær

  • Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO - tilstedeværelse

  • Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO - tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar

Appen Min Skole – foresatt, er allereie klar til bruk og vi ønsker at føresette lastar ned og loggar seg på appen så fort som mogleg. SMS vil framleis fungera i ein overgangsperiode fram til påske.

Dei som evt. ikkje kan bruka appen på telefonen sin har to alternativ:

Dersom du ikkje får til å bruka appen eller alternativa, ta kontakt med skulen.

Viktig:

Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. For å lesa halvårsvurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga på med id-porten på https://skole.visma.com/kvinnherad/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

For meir informasjon:

Informasjonsfilm Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Last ned appen: Min skole-foresatt Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Rettleiar: Min skole-app Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Rettleiar: Visma Flyt Skole Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay