Presentasjon av vurderingar fram til no - Områderegulering for Rosendal tettstad

I haust og fram til no har det vore halde ei rekke arbeidsmøte i prosjektgruppa. Dette etter at planprogrammet vart fastsett, og for å avklare viktige føresetnader og sentrale element knytt til arealutnytting i Rosendal tettstad.

Prosjektgruppa består av Sigbjørn Øye, Kjartan Thoresen, Harald Maaland, Egil Eide og Terje Natland, Anne-Lise Næs, og 3rw v/Tord Bakke og Philip Dixon Sandberg.

Me har delt litt på oppgåvene etter relevante tema, og når det har vore relevant, så har me i tillegg hatt med oss Kristian Helgesen - folkehelsekoordinator og Grete Solheim - næringssjef.

 

Ut frå presentasjonen som ligg ved så ser ein at det er mange val som må gjerast framover for å kome vidare med arbeidet. Me ynsker stort engasjement frå innbyggjarane i dette arbeidet, og er glad for innspel og tilbakemeldingar på presentasjonen vår. Me vil også kome tilbake til meir medverknad etter kvart.

 

Me planlegg elles å delta i Regionalt planforum 20. april no i vår.

 

Ta elles kontakt ved spørsmål: anne.lise.naes@kvinnherad.kommune.no

 

Områderegulering for Rosendal tettstad - presentasjon pdf, 6 MB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay