Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Stillinga som sektorleiar for Omsorg, helse og sosial vert ledig


Kvinnherad6.jpg
(Foto Jan Rabben)
Kvinnherad kommune søkjer etter ein engasjert og utviklingsorientert leiar som evnar å byggja felles retning og lagkjensle på tvers av sektoren.

Vi ser etter ein truverdig leiar med gode leiareigenskapar og kommunikasjonsevne i samhandling med innbyggjarar, medarbeidarar, politikarar og andre samarbeidspartnarar.

Du får ei sentral rolle som ein del av kommunen si øvste leiing og vert ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Vi trur du er ein positiv bidragsytar til heilskapleg utvikling av kommunen. 

DINE ANSVARSOMRÅDER:

  • Personal-, økonomi- og resultatansvar for sektoren
  • Utvikla strategiske mål- og planarbeid knytt til desse
  • Ta initiativ og leia god organisasjons- og medarbeidarutvikling
  • Representera sektoren i politiske organ, eksterne fora og media
  • Sikra samhandling og gode medverknadsprosessar med tillitsvalde og verneteneste
  • Vera pådrivar for innovativ tenesteutvikling og omstilling
  • Skapa relasjon til lokalsamfunn, næringsliv og nabokommunar

Høyres dette spanande ut? Her kan du søkja og få meir informasjon om stillinga: https://human-as.no/ledig-stilling/186154/sektorleiar-helse2c-omsorg-og-sosial/r Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?