Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Helsepersonell med ledig kapasitet?

Ulvik herad er no i ein svært pressa ressurssituasjon, med mange tilsette i helsetenestene i ulike former for karantene. Dei har bedt nabokommunane om støtte med sjukepleiarar til omsorgstunet (sjukeheim). Situasjonen på omsorgstunet byrjar å bli kritisk frå og med i dag. 

Situasjonen for Kvam herad ser òg ut til å eskalere. Det kan difor verte ein utfordrande ressurssituasjonen der og etter kvart.

Med dette oppmodar vi om at helsepersonell - pensjonistar og andre som ikkje har eit arbeidsforhold i Kvinnherad kommune – om å melda seg. Ulvik vil leggja til rette og syta for praktiske forhold som bustad/overnatting.

Dersom de har høve til å støtte i den vanskelege situasjonen, ber vi om at de kontaktar ein av følgjande:

Åshild Lussand Sønsteby, kommunalsjef helse og omsorg: e-post: ashild.sonsteby@ulvik.kommune.no, tlf. 56527051/40007151

Thore Hopperstad, rådmann: e-post: thore.hopperstad@ulvik.kommune.no, 56527017/4007158.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?