Orientering om plan for oppvekstkår
Administrasjonen er ferdige med sin del av arbeidet med plan for oppvekstkår. No i starten av februar skal den opp i Levekårsutvalet, deretter vert planen sendt ut på høyring. Sektorleiar for oppvekst, Anne Sofie Bjelland Kjeka og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik inviterte lokale media til ein gjennomgang av planresultatet.
Det har i arbeidet vore lagt opp til stor grad av medverknad
- Arbeidet har vore krevjande, det har vore omfattande og det har vore fullt av ulike dilemma. Men det har òg vore spennande, interessant, oppløftande, og lærerikt. Dette er ein plan for framtida, det er ein plan for born og unge i Kvinnherad, det er ein plan for å sikre gode oppvekstkår for alle, ein god barnehagekvardag, eit godt og fleksibelt tilbod til foreldra, ein god skule og god undervisning, og eit godt fritidstilbod. Alt dette fordi ein god oppvekst varer livet ut. Dette er ein langsiktig plan, det vil ta fleire år med investeringar og bygging før vi nærmar oss sluttresultatet, forklarte Bjerkvik.
Sektorleiar for oppvekst, Anne Sofie Bjelland Kjeka, gjekk gjennom ein presentasjon av innhald i planen, samt bakgrunn for arbeidet.
Oppvekstkårplan omfatter fleire dokument:
- Oppvekstkår 1 – Temaplan 2020-2030– allereie vedteken
- Oppvekstkår 2 – Handlingsdel 2021-2026
- Oppvekstkår 3 – Organisering av barnehagar og skular med endring av skulekrinsgrenser 2021-2026
- Oppvekstkår 4 – Heildagsskule
Det er dei tre siste dokumenta som no går til levekårsutvalet og som så skal vidare på høyring.
Plandokumenta kan lesast her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
- Me ønskjer oss ei brei og lang høyring, og me ønskjer særskilt barn og unge si røyst – både ungdomsrådet, elevråd, klasseråd og unge som bur utanfor kommunen, slutta sektorleiaren før ho snurra denne oppsummerande teiknefilmen:
Sist oppdatert