Råd til deg som har vore ute og reist
Ein ny virusvariant brer om seg i andre deler av landet vårt. I Kvinnherad er smittetrykket framleis lavt, og me følgjer dei nasjonale føringane for smittevern. Det er svært viktig at me fortset det gode arbeidet, og ikkje slepp opp. Beredskapsgruppa i kommunen følgjer situasjonen nøye og vil no minna om at unødvendige innanlandsreiser vert frårådd generelt
Me ber om at alle som har vore i nokon av desse aktuelle kommunane, eller hatt nærkontakt med nokon som har opphalde seg her, om å vera spesielt merksame på symptom på covid-19 sjukdom. Sjølv lette symptom som nyoppstått hovudverk, sår hals, naseforkjøling, hoste eller feber skal gjera at du testar deg og er i karantene inntil svar på testen er klart. Dette er svært viktig for å kunna oppdage denne nye virusvarianten raskt dersom den kjem til Kvinnherad.
Besøk på sjukeheim og omsorgsbustad vert også frårådd dei første 10 dagane etter heimkomst frå desse kommunane eller ved reiser til og frå desse områda.
Oversikt over nasjonale tiltak Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert