Plandokumenta for Børnes næringsområde klare for politisk handsaming
- Det har vore ein krevjande prosess å planlegge i eit etablert område med mange ulike aktørar og naboar, der vi har opplevd kryssande interesser. Vi vonar denne planen gjev gode moglegheiter for Kvinnherad og Børnes. Eg trur vi har klart å balansera dei ulike interessene på ein god måte. No går ballen over til den politiske banehalvdelen, seier avdelingsleiar for plan, Kjartan Thoresen.

F.v: Avdelingsleiar for plan, Kjartan Thoresen, leiar for PTM, Stein Olav Ølvestveit og ordførar Hans Inge Myrvold viser fram plankartet for Børnes.
No har planavdelinga, saman med konsulentane gjennomført planprosessen slik det har vore lagt opp til, og innspel frå lokale aktørar, naboar og statlege og regionale styresmakter er vurdert og vekta i arbeidet. Planavdelinga si oppgåve er no å leggja fram kommunedirektøren sitt råd til dei folkevalde gjennom planforslaget som no er utarbeidd.
Først skal saka opp som orientering i utvalet for plan, teknikk og miljø 2. februar, før den vert realitetshandsama i PTM sitt marsmøte. Til slutt skal planen opp i kommunestyret 25. mars.
-Eg skal straks i gang med å konktakta referansegruppa for ei synfaring saman med tre grunneigarar, forklarar ordførar Hans Inge Myrvold.
Gjeldande plan for området er frå 1978, og gjev såleis ikkje heimel for å gi løyve til all den aktiviteten som kommunen ynskjer på Børnes.
-Planar er i dag ferskvare, så det er avgjerande viktig å få på plass ein ny reguleringsplan som skal gje føreseielegheit for alle aktørane og naboane i området. Vi har prøvd å baka inn mest mogleg fleksibilitet i planen, samstundes som ein tek omsyn til alle partar. Det har i dei seinare år ikkje vore føreseieleg for naboar med tanke på kva som er lovleg aktivitet i området og ikkje – så no det er viktig for alle partar å få planen på plass. Kjem det eit konkret byggjeprosjekt så vil det no bli enklare å gi løyve når det ligg ein fersk plan der, seier Thoresen.
I vedlegga ligg framlegg til plandokument for reguleringsplan Børnes næringsområde, 134/34 m.fl. PlanID 4617/201906:
1. Føresegner Pdf, 275 kB, åpnes i nytt vindu.
2. Planomtale Pdf, 7 MB, åpnes i nytt vindu.
3. Plankart, pdf Pdf, 901 kB, åpnes i nytt vindu.
4. Vegteikningar Pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
5. Prinsippskisse VA-plan Pdf, 806 kB, åpnes i nytt vindu.
6. Merknadsskjema etter 1.gangshøyring Pdf, 338 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert