Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Aktivitetstiltak for å motverke einsemd hjå eldre

Kvinnherad Frivilligsentral er i gang med eit nytt prosjekt under den pågåande koronasituasjonen: Aktivitetstiltak for å motverke einsemd hjå eldre. Fokuset er å raskt legge til rette for aktivitet hjå seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad.


Design uten navn.jpg

Erfaring tilseier at det er mange eldre som er einsame i desse dagar og det kan vera små tiltak/ aktivitetar som gjer at nokon får ein betre kvardag. Dømer på aktivitetar kan vera besøk, luftetur, handling, kinobesøk, fisketur, køyretur, telefonven, enkel opplæring på telefon osb.

Har du eller nokon du kjenner behov for sosial kontakt i denne utfordrande tida? Eller ynskjer du å bidra som frivillig?

Vi ynskjer å høyre frå deg!

Ta kontakt med frivilligsentralen så tek vi ein uformell prat! 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?