Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Fjordmetroen - ei mogleg framtid?

Tida er inne for å tenkja store tankar om mobilitet i kommunen! Gløtta inn i ei mogleg framtid. 

  • Korleis knyter vi Kvinnherad best mogleg saman, på ein attraktiv, frisk og grøn måte? 
  • Korleis skal vi røra oss i, til og frå kommunen? 
  • Joggesko, sykkelbukse, buss utan førar, sjølvgåande elbåtar, ring eller spring... 

Vart de nysgjerrige? For å sparka i gong arbeidet med overordna mobilitetsstrategiar (som er ein del av kommunedelplan for samferdsle), presenterar kommunen ein moglegheitsstudie som skildrar ei mogleg løysing for kollektivtilbod mot Bergen og ny E-39 på Os, kalla Fjordmetroen. 

Her finn du moglegheitsstudie Pdf, 667 kB, åpnes i nytt vindu.

For dei som ikkje kunne vere med på webinaret som vart halde om Fjordmetroen, fortvil ikkje - her Åpnes i nytt vindu. finn de eit opptak av webinaret. 

Som ordføraren nemner i webinaret, er dette berre ein av mange moglegheiter. No håpar vi alle kvinnheringar og personar med interesse for Kvinnherad tek med seg denne studien inn i jula og grublar ut nye og gode mobilitetsstrategiar. Arbeidet med overordna mobilitetsstrategiar tek for alvor til i 2021, og det vil bli lagt opp til ein omfattande medverknadsprosess. 

Har du spørsmål knytt til kommunedelplan for samferdsle, overordna mobilitetsstrategiar eller Fjordmetroen, er det berre å ta kontakt med Hildegunn Furdal, hildegunn.furdal@kvinnherad.kommune.no.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?