Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Invitasjon til open anbodskonkurranse etter LOA og FOA del 1

Kvinnherad kommune ynskjer å invitera aktuelle tilbydarar til å gje pristilbod på eit eller fleire av følgande prosjekt:

1. Utbetring i Kaldanesvegen og Bogsnesvegen, Husnes

Arbeidet omfattar noko masseutskifting av veg, ny betongmur, grøfting og tilkopling av overvatn. 

2. Fjellandsbøvegen, Uskedalen

Arbeidet omfattar reinsking av grøfter, grusing av veg, utskifting/etablering av stikkrenner.

3. Berge bru, Herøysund

Utbetring av bru.

Innleverte tilbod skal vera komplett utan atterhald.

Tilgang på konkurransegrunnlag vert sendt ut etter førespurnad til:

lena.aakre.sjo@kvinnherad.kommune.no

Det blir halde felles tilbodssynfaring onsdag 09.12.2020 kl. 10:00, oppmøte Kaldanesvegen 58, 5460 Husnes. Me tar deretter Bogsnesvegen (Husnes), Berge bru (Herøysund) og Fjellandsbøvegen (Uskedal).

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?